Hjem

Minnetale over professor Knut Mykland

holdt i fellesmøte i Bergen  
den 9. november 2006

av professor Ståle Dyrvik

 

Fredag den 4. november 2005 døydde professor Knut Mykland på Ladegården sykehjem i Bergen. Han vart 85 år. Med han er ein av våre store historikarar gått bort.

Knut Mykland var bondeson frå Mykland i Aust-Agder. Han søkte utdanning og kom til Universitetet i Oslo i 1940. Snart sette krigen stoppar for studiene, og han flykta til Sverige og vart norsk politisoldat der. Etter frigjeringa byrja han på historie hovudfag i Oslo med Sverre Steen som rettleiar. Men sjølv med ein glitrande eksamen var det ikkje lett å finna arbeid.
    
Knut Mykland fekk engasjement med å skriva eit band i Trondheim bys historie og var busett i Trondheim i åra 1948-52. Boka "Fra Søgaden til Strandgaten 1800-1880" vart eit nybrotsarbeid der den unge forfattaren på oppsiktsvekkjande vis greidde å sameina lokalhistorie og moderne samfunnsvitskap under ei høgverdig litterær drakt. Studien har sidan stått som ein klassikar i norsk sosialhistorie.
    
I 1957 vart Knut Mykland og Alf Kaartvedt tilsette som dei to første professorane i historie ved Universitetet i Bergen. Snart kom Rolf Danielsen til, og saman bygde dei opp eit historisk institutt med tydeleg særpreg. Dei første åra måtte denne trioen undervisa i alt mellom oldtid og notid, frå norsk historie til globalhistorie. Dei skaffa seg kunnskapar og oversyn som dei yngre kollegaene berre måtte misunna dei. Men etter kvart fekk Knut Mykland høve til å retta innsatsen sin mot den tidleg moderne perioden 1500-1800. Ved midten av 1960-åra vende han tilbake til emnet 1814 i norsk historie, som han hadde byrja på som stipendiat i Oslo i midten av 1950-åra, og skreiv nokre banebrytande artiklar. Men det var først i 1979 han fekk høve til å gi ut sjølve syntesen sin om 1814, Kampen om Norge 1784-1814.
    
I åra rundt 1970 kasta Mykland seg over den demografiske og sosiale utviklinga i Noreg i einevaldstida 1660-1814. Han let hovudfagsstudentar gjera lokale undersøkingar som etter kvart føyde seg i hop til større eit nasjonalt bilete. Det var no han oppdaga den eineståande folketeljinga i 1801, og starta det prosjektet som førte til at teljinga vart overførd til datamaskin og i dag er tilgjengeleg på internett.
    
Frå midten av 1970-åra var Knut Mykland redaktør av det 15 band store Cappelens Norges historie. Sjølv skreiv han to band i serien. Men dei andre som var med i prosjektet, vil også minnast den uvanleg inspirerande og fagleg sterke redaktøren. Verket vart ei gåve til det norske folket. Det stadfesta den faghistoriske tradisjonen med å formidla til eit breitt publikum, og vart ein salssuksess.
    
Ein kan ikkje omtala Myklands bidrag til norsk historieforsking og -skriving utan å ta med den unnselege gardssoga som han gav ut for heimbygda si i 1967. Under mottoet om at "kvar gard er eit kongerike" laga han gardshistorier i ein forteljestil som representerte ei fullstendig fornying av denne sjangeren i norsk lokalhistorie. Og han gav Mykland ei gåve det er få bygder forunnt å få.
    
I alle år understreka Knut Mykland kor viktig undervisninga var. Han la eit umåteleg arbeid i førelesingane sine. Han brann for det han snakka om, og han levde seg så inn i stoffet og i personane at vi studentane ofte sat som fjetra. Vi som seinare fekk han som rettleiar og kanskje som kollega, vil tenkja med takksemd på det gigantiske arbeidet han og dei andre instituttfedrane la ned for å byggja eit miljø der fagleg kvalitet og nytenking skulle gå hand i hand med sosialt samhald og trivsel.
    
Knut Myklands faglege og sosiale innsats nådde langt ut over instituttet i Bergen. Noregshistoria til Cappelen verka til å sy saman eit nasjonalt nettverk av historikarar. Då han i midten av 1970-åra også fekk i gang prosjektet Sentralmakt og lokalsamfunn, var det i ei nordisk ramme. I løpet av ein tiårsperiode vart det produsert komparativ forsking om politikk og makt i dei to statane Danmark-Noreg og Sverige-Finland på 1700-talet. Kunnskapsmessig var det eit kvantesprang frå dei eldre studiene av institusjonar til det ein no brått visste om politiske aktørar og prosessar.
    
I 1980-åra var Knut Mykland inspirator for eit prosjekt som gjekk ut på å skriva eit felles dansk-norsk historieverk for dei 434 åra dei to landa var i union. Det vart sluttført i 1998. Elles vende han tilbake til heimtraktene og arbeidde med Agders historie og med bygdeboka for Mykland.
    
Knut Myklands veldige evne til innleving og formidling gjorde inntrykk på alle. Sjølv var han audmjuk og lydhøyr i forholdet til fortida. Det var nesten rart at den ikkje-truande Mykland var på sitt aller beste når han tolka religiøse personlegdomar som Martin Luther eller Hans Nielsen Hauge. Det var like forunderleg at den steinharde EU-motstandaren Mykland etter kvart kom til å sjå stadig fleire positive trekk i den lange unionen mellom Danmark og Noreg. Ein kan undrast på om det ikkje var interessa hans for kvardagsmenneske og småsamfunn som låg bak dette. Den interessa gav han etter kvart ein bakkekontakt, ein teft og ei forståing som blir få av oss historikarar til del. Vi vil alltid tenkja tilbake på Mykland som ein entusiast i alt han dreiv med, som ein uvanleg varm og raus kollega, som ein eminent formidlar, og som ein person som i sum oppfatta seg som ein odelsbonde i vitskapen sin: sett til å forvalta ein fagleg arv, og heile tida medviten om å gi han vidare i best mogleg tilstand.
Knut Mykland ynskte ingen seremoniar eller tilstellingar i samband med dødsfallet sitt. Han ville at urna hans skulle setjast ned på kyrkjegarden i Mykland.
    
Så er historikaren borte, men det han skreiv, er stadig med oss. Når eg no i ettertid blar gjennom bibliografien hans, blir eg slått av kor beskjeden han er i omfang. Det rimar liksom ikkje med den arbeidsnarkomanen eg kjende. Men så har det sine forklaringar likevel.
    
Slår ein nemleg opp på Knut Mykland i BIBSYS, får ein mange treff. Men det er fordi han blir ført opp med alle banda i dei noregs- og verdshistorieverka der han var redaktør. Eg har alt nemnt det: Han la så stor innsats i å støtta dei andre forfattarane. Og støtta hans var litt spesiell: Han var veldig aktiv i den tidlege fasen med idear, innspel og planar. Men gjennomføringa let han den einskilde forfattaren sjølv ta ansvaret for. Det var ein lærdom frå trondheimshistoria som han uttrykte slik: ”Man må tvinges til å tenke sine egne tanker.” I prosjektet Sentralmakt og lokalsamfunn investerte han årsverk i å inspirera unge nordiske forskarar, men skreiv ingenting sjølv.
    
Den andre forklaringa på den korte bibliografien ligg i ordet kvalitet. Alt han skreiv, tok utgangspunkt i den gode problemstillinga, i det intelligente spørsmålet som kunne få ny kunnskap til å fløyma. Dette hadde han frå læremeisteren Johan Schreiner. Dernest kom det store arbeidet han la i form og formidling. Han let seg prega av den skjønnlitterære sansen sin, men hadde også god hjelp av kona si, Laila Mykland, som var ein framifrå filolog og las alt han skreiv. Kombinasjonen av skarp problemstilling og lødig form ser ein aller tydelegast i det vesle formatet, i artiklane. Nokre av dei han skreiv om 1814, høyrer til det mest glitrande i den norske historiske litteraturen. Ein gong vi snakka om dei små arbeida hans, uttrykte han si glede over dei, men la også til: ”Husk likevel at jeg aldri har arbeidet med et ”lite” emne. Jeg har bestandig forsøkt å se det store i det små.”

 

Det Norske Videnskaps-Akademi
Drammensveien 78
N-0271 Oslo
Telefon: +47 22 84 15 00
E-post: post@dnva.no
 
Nettredaktør: Anne-Marie Astad
Design og teknisk løsning: Ravn Webveveriet AS
 
The Norwegian Academy of Science and Letters
Drammensveien 78
N-0271 Oslo, Norway
Telephone: + 47 22 84 15 00
E-mail: post@dnva.no
Web editor: Anne-Marie Astad
Design and technical solutions: Ravn Webveveriet AS