Hjem

Minnetale over professor Asbjørn Aarseth

halden i fellesmøte
den 11. mars 2010

av professor Atle Kittang

Obligatorisk!

Sjeldan kjem dødsbodskapar meir uventa enn meldinga om professor Asbjørn Aarseths bortgang den 31. august 2009. For Asbjørn var mannen med jarnhelsa: aldri sjuk, heile tida i full aktivitet, anten det var frå tidleg morgon på kontoret i Bergen eller i lange kliv over Vestlandsfjella. Og så var det brått slutt.

Asbjørn Kristen Aarseth var fødd 21. oktober 1935 på Inderøy i Nord-Trøndelag. Som presteson hadde han ein skiftande oppvekst, først i Fjelberg i Sunnhordland, seinare i Aurland i Sogn. Han tok examen artium i 1954 ved Firda offentlege landsgymnas på Sandane, og studerte så ved Universitetet i Oslo der han vart cand.mag. i 1960 med historie bifag, fransk bifag og allmenn litteraturkunnskap grunnfag i fagkretsen. Seinare vart det eitt års studieopphald i Kansas, USA, før han i 1963 tok magistergraden i litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen på avhandlinga Tradisjon og visjon. En studie over tidsopplevelsen i Olav Aukrusts diktning. Etter ei kort tid som gymnaslektor i Bergen vart han i 1965 engasjert av Den Nationale Scene for å skrive bind 2 av teatrets historie. Resultatet vart den omfangsrike boka Den Nationale Scene 1901 -1931, utgitt i 1969. Da hadde han sidan 1967 vore i arbeid som den første vitskapleg tilsette i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen, med hovudansvar for å bygge opp grunnfagsstudiet i det nye faget. Allmenn litteraturvitskap var Aarseths arbeidsfelt fram til 1985, da han vart utnemnd til professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen. Dette embetet hadde han til han gjekk av med pensjon hausten 2005.

Som nyutnemnd professor vart han i 1986 redaktør av tidsskriftet Edda, eit arbeid han skjøtta med stor kraft fram til 1990. I 1996 vart han medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi og av Det norske språk- og litteraturselskap. Same året vart han engasjert som professor II og dermed som ein sentral fagleg medarbeidar ved Senter for Ibsen-studier, Universitetet i Oslo. Denne stillinga hadde han fram til 2001. Han deltok blant anna i planlegginga og gjennomføringa av det store edisjonsprosjektet Henrik Ibsens Skrifter, der han var ein av berebjelkane, med særleg ansvar for å skrive innleiingar til tekstbinda og redigere dei omfattande kommentarbinda. Heilt fram til sin død var han fullt engasjert i dette arbeidet.

Blant Asbjørn Aarseths aller første publiserte arbeid var ein Ibsen-artikkel med tittelen "Holdning og struktur i Lille Eyolf" (1966), og ved sin død var han best kjend som ein av dei fremste og mest respekterte Ibsenforskarane i vår tid. Han publiserte flittig og breitt, og står oppført med 78 store og små bidrag i den internasjonale Ibsen-bibliografien. I 2000 var han hovudansvarleg for den 9. internasjonale Ibsenkonferansen som vart arrangert i Bergen, og han var i årevis ein flittig og populær gjesteførelesar og konferansedeltakar i internasjonale Ibsen-samanhengar. Med denne aktiviteten hadde han ein stor del av æra for det gjennombrotet Henrik Ibsens dramatikk har fått på verdsbasis dei siste tiåra, og særleg i asiatiske land som India, Bangladesh og Kina.

Men Aarseth hadde mange strenger på si lyre, og hans samla vitskaplege innsats dekker eit breitt spekter av tema og forskingsfelt. Som spesialist i nordisk litteratur leverte han studier over så ulike forfattarar som lyrikarane Olav Aukrust, Tor Jonson og Olav Nygard og prosaistane Amalie Skram, Carl Love Almquist, Søren Baggesen og Mauritz Hansen. Dessutan skreiv han viktige bøker og artiklar både om litteraturteori og om komparative emne. Hans teoretiske interesser er synlege alt i artikkelen om Lille Eyolf med sin kombinasjon av nykritisk nærlesing og drøfting av sentrale hermeneutiske prinsipp. Desse interessene er enda tydelegare i Lyriske strukturer (1968), som eg hadde den glede å skrive saman med Asbjørn, og i oppfølgingsbindet Episke strukturer (1976), som han skreiv aleine. I slike bøker kom dessutan dei glimrande pedagogiske evnene hans til sin fulle rett.

Aarseths interesse for hermeneutisk teori vart etter kvart utvida til å gjelde litteraturhistoriografiske problemstillingar, særleg spørsmålet om periodeomgrepet og den plass og funksjon periodiseringa har i litteraturhistorisk forskning. Dette resulterte i to omfattande bøker, Realismen som myte. Tradisjonskritiske studier i norsk litteraturhistorie (1981), og Romantikken som konstruksjon. Tradisjonskritiske studier i nordisk litteraturhistorie (1985). Bøkene er blant Aarseths viktigaste, og gir til kjenne hans uforliknelege dygder som litteraturvitskapleg forfattar: Dei er grundig dokumenterte, med ypparlege teoretiske samandrag, stramt resonnerte argument og klargjerande analyse-eksempel. Og dei er borne fram av ein karakteristisk vilje til å stille spørsmål ved synsmåtar ein har tatt for gitt så lenge at dei har fått status av "myte". Det er ikkje for ingenting at adjektivet "tradisjonskritisk" figurerer i undertittelen på begge bøkene. Kritikken er retta mot måten vi plar organisere 1800-talets litteratur på, som eit forløp av -ismar (romantisme, realisme, naturalisme, symbolisme, ny-romantikk, tidleg modernisme). Slike -ismar er ikkje uttrykk for historiske essensar, hevda Aarseth. Dei er konstruksjonar som speglar dei historisk skiftande relasjonane menneska har til fortida si, og må difor stadig revurderast og omformast. Men når kontruksjonane blir tatt for gitt og ureflektert overførte frå tidlegare historiske periodar, blir periodiseringane til ein slags mytologiske betydningssystem. Vi treng å ordne vår fortid ved hjelp av slike betydningssystem, men vi treng også eit medvit om at dei er provisoriske storleikar. I ein artikkel frå 1990 om "Periodisering i de estetiske disiplinene" konkluderte Aarseth slik: "Men straks vi opplever dette betydningssystemet som mytisk, oppgir vi det som gyldig forløpstolkning. Vi står da tilbake med et fragmentert historiebilde, og det innebærer at vi bevisst eller ubevisst søker en ny sammenheng med sporene fra fortiden og en ny periodisering." I boka om romantikken som konstruksjon tok Aarseth sjølv opp denne utfordringa og skisserte ei alternativ periodisering av 1800-talets nordiske litteratur, der problematiske omgrep som "realisme" og "naturalisme" var resolutt erstatta med eit differensiert romantikk-omgrep.

Overgangen frå allmenn til nordisk litteraturvitskap førte blant anna til at Asbjørn Aarseth tok opp att si gamle interesse for Ibsen. Den hadde lege nede i mange år, og grunnane til det var nok samansette. Parallelt med sitt arbeid for å bygge opp grunnfaget i allmenn litteratur hadde Aarseth nemleg funne tid og overskot til å utarbeide ei omfattande avhandling om Peer Gynt. Den fekk tittelen Dyret i mennesket og vart publisert i 1975. Siktemålet med avhandlinga var å presentere ei original og samanhengande tolking av Ibsens mangslunge og sprikande dramatiske dikt, basert på ein gjennomtenkt hermeneutisk tekstteori og på ein teori om litterære arketypar. Overraskande nok vart den møtt med hard kritikk, trass i sine innlysande akademiske merittar. Hovudinnvendinga var at den var for rigid i sin interpretative praksis. Men den vart nok også oppfatta som altfor lite smidig i sin kritikk av tolkingstradisjonen. På den andre sida er det ei avhandling prega av stor grundighet og gjennomført systematikk i det analytiske arbeidet med Ibsens dyresymbolikk, og den presenterte noko så sjeldan i den tids norske litteraturvitskap som ein presis diskusjon av dei grunnleggande metodologiske prinsippa for hermeneutisk analyse. Dessutan er diskusjonen av forskningslitteraturen både mønstergyldig og kreativ, og tolkingane av Ibsens notorisk problematiske fjerde akt er ofte originale og overtydande.

Peer Gynt var heile tida seinare eit samlande punkt i Aarseths Ibsen-interesse. Ved mange høve -- i små og store bidrag, med skiftande siktemål og frå ulike synsvinklar -- vende han tilbake til dette rike dramaet. Han presenterte fint nyanserte utarbeidingar av dei grunnleggande synspunkta sine, og utvikla nye tolkingar. Av særleg interesse er to seine artiklar frå 2001 og 2002, der han tolkar dyresymbolikken særleg i fjerde akt i lys av Hegels kunstfilosofi.

Det andre store Ibsen-arbeidet på Aarseths publikasjonsliste er boka Ibsens samtidsskuespill, med undertittelen "En studie i glasskapets dramaturgi". Den kom i 1999 og presenterer analysar av alle tolv skodespela frå Samfunnets støtter til Når vi døde vågner, haldne saman i ei dobbel analytisk tilnærming: Det som opptar han, er på den eine sida dei ikkje-verbale aspekta ved skodespela, først og fremst strukturane i scenerom og scenografi, og på den andre sida måten skodespela er oppbygde på -- som retorisk-dramatiske komposisjonar med bestemte estetiske verknader. Sjølvsagt kan ein meine, skriv Aarseth, at Ibsen hadde noko han ville kommunisere med verka sine, ein livsvisdom, ein tanke om ustabile ideal, varige livsverdiar og om noko allment menneskeleg. Men Ibsen-forskingas historie syner at det aldri har vore mogleg å nå fram til semje om kva som skulle vere Ibsens bodskap. Dessutan er det liten grunn til å tru at Ibsens eigne idear og intensjonar, så djupt prega av 1800-talets intellektuelle kontekstar som dei var, skulle vere kjelda for den fascinasjonen vi i dag føler for dette verket. Hovudargumentet blir difor at det er dei sterke retoriske og estetiske verknadene frå skodespela som forklarer kvifor dei stadig vekk fascinerer oss, og at den litteraturvitskaplege analysen må ha dette som gjenstand. Boka Ibsens samtidsskuespill tilbyr oss nettopp ein slik analyse, kronologisk ordna i tolv kapittel fulle av slåande observasjonar og tolkingar, velskrivne og velargumenterte, men også insisterande i sin vilje til å fremje forfattarens tese med maksimal overtydingskraft.

Måten Asbjørn Aarseth argumenterer for synsmåtane sine på, har nemleg ofte noko fast og bestemt ved seg. Eit stykke på veg kan det forklare dei innvendingane han stundom vart møtt med som forskar. Men dette er berre éi side ved hans faglege profil. Når ein les det han har skrive, er det ikkje minst generøsiteten hans som slår oss -- viljen til å gå i open dialog med andre synspunkt, sjølv når han var djupt usamd i dei. Desse eigenskapane gjorde han til ein makelaus god fagkritikar og ein eksemplarisk debattant i faglege kontroversar. Innvendingane som vart reiste mot Dyret i mennesket, tvinga han til motsvar og klargjering, men innlegga hans vart aldri skjemde av den polemiske og aggressive tonen som ofte pregar den slags ordskifte i våre miljø. Ordskiftet mellom han og den norsk-amerikanske drama-professoren Otto Reinert etter at sistnemnde hadde omtala Dyret i mennesket i tidsskriftet Edda (jf. Edda vol. 76 og 78), er i så måte eit eksempel til etterfølging for alle som vil delta i faglege debattar. Dei same kvalitetane finn vi i diskusjonen frå 1988 med Jon Elster om den hermeneutiske analysens vitskaplege status (jf. Nytt Norsk Tidsskrift, hefte 2). Med sin avbalanserte argumentasjon og sine klargjerande eksempel gjer denne artikkelen om tolkingsproblema kring Ibsens "fremmede Passager" oss klokare enn vi var før -- anten vi tilhøyrer gruppa av allment interesserte eller gruppa av spesialiserte lesarar.

Både som fagperson og som menneske hadde Asbjørn Aarseth sjeldne kvalitetar. Han var ein open og samarbeidsvillig kollega, alltid til å stole på, alltid effektiv og disiplinert, ein sjeldan god samarbeidspartnar i store og små prosjekt. Som venn var han klok og raus, med ein velutvikla, litt tørr, men uhyre intelligent humor, og med ein sans for timing som gjorde han til ein makelaus forteljar. Denne evna var han aldri gjerrig med. Som ein av brørne hans sa i gravferda hans: Vi andre hadde som regel bunkar av fotografi med oss frå våre reiser og turar. Asbjørn hadde alltid med seg eit forråd av gode historier.

Asbjørn Aarseth er djupt sakna av familie, venner og kollegaer. La oss heidre hans minne!

Det Norske Videnskaps-Akademi
Drammensveien 78
N-0271 Oslo
Telefon: +47 22 84 15 00
E-post: post@dnva.no
 
Nettredaktør: Anne-Marie Astad
Design og teknisk løsning: Ravn Webveveriet AS
 
The Norwegian Academy of Science and Letters
Drammensveien 78
N-0271 Oslo, Norway
Telephone: + 47 22 84 15 00
E-mail: post@dnva.no
Web editor: Anne-Marie Astad
Design and technical solutions: Ravn Webveveriet AS