Hjem

Minnetale over professor Rolf Nyboe Nettum



holdt i fellesmøte
den 10. juni 2010

av professor Otto Hageberg

Obligatorisk!

Professor Rolf Nyboe Nettum døydde 20. januar i år, han hadde vore medlem i Det Norske Videnskabs-Akademi sidan 1979. Han var fødd 17. juni 1919 og vart såleis 90 ½ år gammal. Mesteparten av hans yrkeskarriere var ved Insitutt for nordisk språk og litteratur, Universitetet i Oslo, der han vart tilsett som universitetslektor i 1960. Tidleg på 1970-talet vart han dosent og i 1983 utnemnt til professor. Alt i 1986, ved fylte 67 år, søkte han avskil frå professorembetet, men hadde eit aktivt liv som forskar og formidlar også som pensjonist. Han hadde rett nok skranta litt dei siste åra; han gjekk ikkje så lett lenger og han sakna å kunne bruka eigne augo til å lesa alt han ønskte å lesa. Han hadde stor glede av lydbøker, og i hans store venekrins var det trufaste og gode opplesarar. Med glede skifte dei på å lesa opp for han frå festskriftet Sjeleild mot elementer, redigert av Gudleiv Bø og Gudveig Henriette Aabye, som kom til 90-årsdagen 17. juni 2009. Det inneheld m.a. ein 21 siders bibliografi over Nettums trykte skrifter 1941- 2008, utarbeidd av Jadviga Therese Kvadsheim.

Eg kjem ikkje til å gå inn på eller karakterisera heile hans vitskaplege og publisistiske produksjon i denne minnetalen. Men eg vil straks nemna det siste sjølvstendige arbeidet i bokform frå hans hand, Med litteraturen gjennom livet - en selvbiografi, som kom ut på Novus forlag hausten 2008, 514 sider som både er biografisk og med viktige faghistoriske moment for nordiskfaget ved Universitetet i Oslo. Sjølvbiografien har også interesse som mentalitetshistorie frå borgarskapet i Bærum i mellomkrigstida.

Nettum var den yngste i ein søskenflokk på tre, mora og faren vart skilde før han var årsgammal. Han voks opp med mor og to søstre i eit fornemt villastrøk på Sandviksåsen med utsyn mot Oslofjorden, ja, heilt til Drøbaksundet. Det var ein velståande familie. Morfaren Conrad Lauritzen kom frå Herning i Danmark. Saman med fetter sin, Niels Sørensen, grunnla han og bygde ut LASØR trikotasjefabrikk i Kristiania/Oslo og Rolf Nettum var med i styret for denne verksemda i mange år. Faren, Petter Nettum, var Oslogut, men slekta og Nettumnamnet kom frå Toten, Nyboenamnet frå den danske greina i familien. Faren hadde militær utdanning og var som ung kadett med og følgde kongeparet fram til altaret under kroninga i Nidarosdomen i 1906. Han eksisterte mest som ein fantasifigur for unge Rolf, og etter skilsmissa var det ikkje tale om nokon delt foreldrerett. Rolf Nettum såg ikkje far sin før i 1939 og kom aldri til å stå han nær. Han var alltid ærleg om sin bakgrunn og visste at han som person var prega av sin oppvekst i ein splitta familie. Alle som stod han nær, kjende han som ein varm, klok og tolerant person med finkjensle og respekt for andre menneske.

Han gjekk på Høvik folkeskole, seinare på Stabekk høyere allmennskole, der han fekk sterke inntrykk frå legendariske Johan Hertzberg, som var både rektor og norsklæraren hans. Hertzberg var ingen Hamsun-dyrkar, men det hadde Nettum vore frå han var 10. Han samla alt han kom over i avisene om 70-årsdagen til Hamsun og sydde saman si første Hamsun-bok med utklipp, samstundes som han tok til å lesa både Sult og Victoria og Pan. Og han sverma i landskapet mellom Sandvika og Blommenholm og let seg suggerera og forføra av Hamsuns språk og av hans samansette personar. Det vart eit livsvarig og også konfliktfylt forhold mellom Rolf Nettum og Knut Hamsun. Nettum kom aldri heilt på bølgjelengd med den modne Knut Hamsun; han kunne ikkje skjøna at han fekk Nobelprisen for Markens grøde og han forstod både rektor Hertzberg, som sette Duun over Hamsun, og mora og søstrene som dyrka Sigrid Undset og ikkje kunne tola Hamsuns kvinnesyn. Men han kunne ikkje heilt avsverja kunstnaren Hamsun, heller ikkje då det var klårt kor langt unna kvarandre dei stod politisk.

Rolf Nettum valde å studera filologi, og sikta mot magistergraden i litteraturhistorie, som det heitte. Det vart ei studietid med store komplikasjonar, og det vart utenkjeleg for Nettum å velja Hamsun som emne for magistergraden. I staden valde han å skriva magisteravhandling om ein annan av dei sentrale forfattarane frå 1890-åra, Hans E. Kinck. Våren 1948 kunne Rolf Nettum levera inn avhandlinga En undersølelse av Hans E. Kincks livssyn, som forresten kom ut som bok på Aschehoug forlag i 1949, året etter at Nettum kunne framstilla seg til graden magister artium med tysk og historie bifag som støttefag frå før. Han heldt magisterførelesing om det som seinare skulle bli hans spesiale innan litteraturhistoria: "Hovedlinjene i norsk 1890-årsdiktning". Det peikar rett fram mot hans medarbeidarskap i Norges litteraturhistorie i fem band, utgitt på Cappelen forlag, midt i 1970-åra, redigert av Edvard Beyer, der Nettum skreiv eit hovudkapittel i band 4, Fra Hamsun til Falkberget. "Generasjonen fra 1890-årene" er tittelen på Nettums 300 siders framstilling, fyldig, nyansert, kunnskapsrik. På dette tidspunktet hadde han elles disputert på si Hamsun- avhandling Konflikt og visjon. Hovedtemaer i Knut Hamsuns forfatterskap 1890 -1912. (Gyldendal Norsk Forlag 1970). Det var og er eit sentralt verk i forskingslitteraturen om Hamsun. Nettum er fascinert av spenninga mellom det intenst medrykkjande og stilistisk forførande i Hamsuns skildringar av natur og menneske i kontrast mot mørkare undertonar, av og til noko uforklarleg aggressivt som brått kan visa seg, t.d. både i Sult, Mysterier og Pan. Romananalysane loddar djupt, ikkje minst forsøket på å krinsa inn dei umedvitne sjelelege drivkreftene som styrer samspelet mellom dei oppdikta hovudpersonane i romanane til Hamsun, irrasjonaliteten t.d mellom løytnant Glahn og Edvarda i Pan blir om ikkje endeleg forklart, så sirkla inn i eit lesarvenleg og forståeleg språk, pedagogen og formidlaren Rolf Nettum er til stades i alt han fekk publisert. Her kan det kanskje høva å nemna at i åra 1957- 1966 var Nettum ein velskrivande litteraturmeldar i Aftenposten. Mange hadde nok elles ønskt at han skulle sluttføra sine Hamsunstudiar i eit band 2 av avhandlinga, og han var sakte aktiv i semi­narverk­semd og Hamsun-formidling også i åra som følgde, men han kom ikkje til å arbeida så konsentrert med den seinare forfattarskapen.

Noko hadde sjølvsasgt dette å gjera med hans breie engajement som universitetslærar og rettleiar på vide litterære felt, Nettum var ein uhyre populær lærar både på grunnfags- og hovudfagsnivå. Men når det ikkje vart meir Hamsun, hadde det nok samanheng med noko djupt personleg, krig og okkupasjon og fangeliv hadde sett djupe spor hos Nettum, både i sjel og kropp. Han var med og organiserte studentane til motstand tidleg i 1940-åra, og var mellom dei som vart tekne til fange i november 1943 og ført til Tyskland, til leiren Buchenwald like ved Weimar. Han vart sjuk av tuberkuløs plevritt og plassert på leirens sjukestove i eit halvt år frå februar til august 1944. Han vart heimsend med kvit buss på nyåret 1945 og fekk oppleve frigjeringa heime. Men ut på sommaren vart det konstatert at flekken på lunga hadde vakse, og han kom inn på Glitre sanatorium i Hakadal der han vart verande nesten heile hausten 1945. Seinare gjekk han regelmessig til behandling i Oslo i fem år medan han arbeidde vidare med magisterstudiet.    

I Tyskland hadde han elles fått nye litterære ideal og opplevd kor eksistensielt viktige ord kan vera. Ein ven overlet han eit utval Wergelanddikt på sjukestova og han fortel seinare i sjølvbiografien at Wergeland var med å gje han kveik og overlevingsevne; det var eit forhold som varte ved; langt inn i pensjonsåra møtte Nettum ei studentgruppe han las Wergeland med. Han underviste sjølvsagt også regelmessig om Wergeland for sine studentar på nordisk grunnfag, og i 1992, seks år inn i sitt otium gav han ut Fantasiens regnbuebro. Sifful Sifaddas farser og andre essays om Henrik Wergeland, på Aschehoug forlag, der han hadde debutert som litteraturforskar med Kinck-boka 43 år før. På Aschehoug kom også Nettums siste litteraturvitskaplege arbeid ut, i 2001: Christen Pram. Norges første romanforfatter.

Rolf Nyboe Nettum budde i Bærum mesteparten av sitt liv, og han kjende denne bygda ut og inn, reint særleg Sandvika, som no er eigen by, men var eit bygdesentrum. Saman med andre Sandvik-patriotar planla og skreiv Nettum Det Sandvika som forsvant. Minner fra 1920- og 1930-årene, som kom ut i 1994, trykt av Asker og Bærum budstikke. Stor suksess som gav Nettum mange oppdrag som foredragshaldar, ein aktivitet han sette stor pris på, om det var slike meir lokale emne eller litterære, og han hadde evne til å nå fram, det kan ikkje minst hans mange studentar vitna om. Han hadde ei særleg evne som pedagog, ikkje minst kunne han lytta og gje impulsar tilbake til slike som kanskje var litt usikre i første omgang. Han var eit fint menneske, ein omtykt kollega og hadde mange vener, også mellom menneske som var mykje yngre enn han sjølv. Han var glad i barn, og sette umåteleg pris på at studentvenninne Merete, som ringde til han kvar dag dei siste åra for å høyra om han var der, hadde ei dotter, Oda som såg på han som ein bestefar. Han døydde roleg og mett av dagar.

Vi heidrar hans minne.

Det Norske Videnskaps-Akademi
Drammensveien 78
N-0271 Oslo
Telefon: +47 22 84 15 00
E-post: post@dnva.no
 
Nettredaktør: Anne-Marie Astad
Design og teknisk løsning: Ravn Webveveriet AS
 
The Norwegian Academy of Science and Letters
Drammensveien 78
N-0271 Oslo, Norway
Telephone: + 47 22 84 15 00
E-mail: post@dnva.no
Web editor: Anne-Marie Astad
Design and technical solutions: Ravn Webveveriet AS