Formiddagsmøte

Meir makt til domstolane!

For medlemmer
Det Norske Videnskaps-Akademi, Drammensveien 78, Oslo

Jørn Øyrehagen Sunde: «Meir makt til domstolane!»

Det moderne samfunnet fordrar store mengder rettsleg regulering. Dette er ein global trend, og gjeld like mykje for Kina som for Noreg. Difor har alle dei tre statsmaktene auka sine bidrag til samfunnsreguleringa monaleg. For at domstolane skal ha same rolle innan maktfordelinga som før, må dermed dei òg auka sine bidrag til den rettslege reguleringa av samfunnet. I staden for å bruka tid på om dette er ei god eller dårleg utvikling, bør ein spissa diskusjonen mot korleis ein kan gjera auka domstolsdeltaking i samfunnsreguleringa til eit gode og ikkje eit demokratisk problem. Både politikarar, samfunnsvitarar, juristar og allmenne borgarar må våga å kasta vrak på idealførestillingane om demokratiet frå 1814 og i staden tenkja nytt. Klimasaka som er avgjort av Oslo tingrett og skal opp for Høgsterett, kan tena som illustrasjon.

Jørn Øyrehagen Sunde er professor i rettshistorie ved Det juridiske fakultet i Bergen, og forskingsleiar ved Museet Baroniet Rosendal.