Hjem

Akademiforelesinga i humaniora og samfunngsfag

The Origins of Formal Semantics from Linguistics and Philosophy: Humanities, Science, or Both?

Emnet for akademiforelesinga i år er semantikk, læra om språkleg innhald og tyding. "Semantikk" kan ha ulik tyding i ulike fag, som psykologi, jus, informatikk, leksikografi, logikk, filosofi, eller lingvistikk.  I denne forelesinga vil professor Barbara H. Partee presentere nokre av dei nye tankane og ideane som har forma semantikken sidan 1960-talet.

Professor Barbara H. Partee holder årets Akademiforelesning i humaniora og samfunnsfag. Bildet av tatt under et besøk i Tromsø. Foto: Pavel IosadProfessor Barbara H. Partee holder årets Akademiforelesning i humaniora og samfunnsfag. Bildet av tatt under et besøk i Tromsø. Foto: Pavel Iosad

Gjennom eit fruktbart samarbeid mellom lingvistar, filosofar og logikarar har det dei siste 40 åra vakse fram ei forskingsretning kalla formell semantikk. Denne forelesinga vil vise korleis debattar og framsteg innanfor formell semantikk har vore knytte til fundamentale problemstillingar i språkteori, filosofi og kognisjonsvitskap, og ho vil komma inn på spørsmålet om tilhøvet mellom naturvitskap og humaniora i ein slik samanheng.

HF-forelesningen vil finne sted i Akademiets staselige foredragssal. Foto: Eirik Furu BaardsenHF-forelesningen vil finne sted i Akademiets staselige foredragssal. Foto: Eirik Furu Baardsen

Barbara H. Partee er emeritert professor i lingvistikk og filosofi ved University of Massachusetts.  Gjennom fleire tiår har ho vore ein av dei fremste teoretikarane i grenseområdet mellom lingvistikk, filosofi og logikk, og ho er framleis aktiv med viktige forskingsbidrag på feltet. Ho er særleg oppteken av forholdet mellom syntaks, pragmatikk og logikk, og tilgrensande område i språkfilosofi og kognisjonsvitskap, mellom anna samanhengen mellom språkleg form og språkleg innhald (syntaks og semantikk). Mykje av forskinga hennar har dreidd seg om formallogiske representasjonar av mengdesuttrykk (kvantorar) i forskjellige språk. Eit anna felt der ho har gjeve viktige bidrag, gjeld logikk og formell semantikk i høve til informasjonsstruktur i setningar. Den nyaste forskinga hennar gjeld m.a. prototypeteori i samband med adjektiv, og forholdet mellom nominaluttrykk og verbalaspekt.

Akademiforelesninga for humaniora og samfunnsfag vert arrangert på Det Norske Videnskaps-Akademi 15. mars. Deltaking berre etter invitasjon.

Det Norske Videnskaps-Akademi
Drammensveien 78
N-0271 Oslo
Telefon: +47 22 84 15 00
E-post: post@dnva.no
 
Nettredaktør: Anne-Marie Astad
Design og teknisk løsning: Ravn Webveveriet AS
 
The Norwegian Academy of Science and Letters
Drammensveien 78
N-0271 Oslo, Norway
Telephone: + 47 22 84 15 00
E-mail: post@dnva.no
Web editor: Anne-Marie Astad
Design and technical solutions: Ravn Webveveriet AS