Kunnskapsministeren overrekker Akademiets lærarpris

Det Norske Videnskaps-Akademi inviterer rektorar, lærarar, elevar og foreldre til å nominere kandidatar til Lærarprisen. Akademiets lærarpris kan gjevast til ein lærar som gjer ein uvanleg god innsats i den norske skulen, frå grunnskule til og med vidaregåande skule. Fristen for å nominere kandidatar er 28. februar. Prisen er på 50.000 kroner og eit diplom og vert delt ut på årsmøtet i Akademiet i mai. Kunnskapsminister Kristin Halvosen overrekker Lærarprisen.

Bilde
Atle Oanes, nr 2 fra venstre, er tildelt Akademiets lærerpris for 2011. Her er han sammem lærerprisens styre som har bestått av Frøydis Hertzberg, Inger Moen (leder) og Lars Walløe.  Foto: Eirik Furu Baardsen
Atle Oanes, nr 2 frå venstre, mottok Akademiets lærerpris for 2011. Her saman med Frøydis Hertzberg, Inger Moen (leiar) og Lars Walløe frå priskomiteen. Foto: Eirik Furu Baardsen

I valet av prisvinnar vil det bli langt vekt på evna læraren har til å vekkje interesse for faget hos elevane og fremje evna og viljen deira til å arbeide vidare med faget etter avslutta skulegang. Forslaga må kome fram til priskomiteen innan 28. februar 2013.

Priskomiteen har fire medlemmer som er oppnemnde av Akademiet, ein av dei representerer Utdanningsforbundet. I komiteen sit: Inger Moen (leiar), Frøydis Hertzberg, Svein Sjøberg og Ragnhild Lied.

Forslaga skal sendas til leiaren av priskomiteen:
Inger Moen
Det Norske Videnskaps-Akademi
Drammensveien 78, 0271 Oslo

Lærarprisen frå Det Norske Videnskaps-Akademi er ein pris til minne om lærar Daniel Føllesdal (1869 -1923), kona Bertha (1871-1937) og seks av borna deira som også var lærarar. Prisen vert delt ut annakvart år.

Tidlegare prisvinnarar:
2009: Jostein Walle, lektor ved Knarvik vidaregåande skule
2011: Atle Oanes, lektor ved Vågsbygd vidaregåande skule