Hjem

Engelsk er et skandinavisk språk

Foredrag på Akademiet 12. september

Jan Terje Faarlunds foredrag «Engelsk er et skandinavisk språk» innleder Akademiets høstprogram. I et intervju med Apollon uttalte Faarlund at «Britane 'lånte' ikkje ord og omgrep frå dei norske og danske vikingane og deira etterkommarar, slik vi gjerne trur. Nei, det språket som no går under namnet engelsk, er faktisk skandinavisk», mener Faarlund som er professor i nordisk språk ved Universitetet i Oslo.

Sammendrag

Jan Terje Faarlund. Foto: Eirik Furu BaardsenJan Terje Faarlund. Foto: Eirik Furu Baardsen

Professor Jan Terje Faarlund: Engelsk er eit nordisk språk

På historisk og systematisk grunnlag er det vanleg å dele inn dei noverande germanske språka i nordgermansk (nordisk) og vestgermansk (engelsk, tysk, nederlandsk, afrikaans, frisisk). Det er òg vel kjent at engelsk språk inneheld ei stor mengd ord av nordisk opphav.

Dette blir vanlegvis forklart ved språkkontakt og utbreidd innlån av nordiske ord i gammal- og middelengelsk. Men det er påfallande at dei nordiske orda i engelsk er ord for konkrete, daglegdagse gjenstandar og omgrep, som dei opphavlege innbyggjarane i England (angelsaksarane) også måtta ha hatt ord for frå før. Dessutan var det ikkje berre leksikalske ord som vart lånte, slik tilfellet normalt er i kontaktsituasjonar. Grammatiske ord og former vart også lånte. Enda meir påfallande er det at engelsk syntaks (setningsstruktur) følgjer nordisk mønster, og ikkje vestgermansk. Dette er svært spesielt, og har vore eit problem i historisk lingvistikk.

Den forklaringa eg skal presentere her, går ut på at middelengelsk, og dermed moderne engelsk, har røter i nordgermansk, og ikkje i det vestgermanske gammalengelsk. Det nordiske språket som dei danske og norske busetjarane tok med seg til England, tok opp i seg ei mengd ord frå gammalengelsk, men grammatikken og den grunnleggjande strukturen var nordisk. Dagens engelsk skil seg frå tysk og nederlandsk, men er likt nordisk når det gjeld slike syntaktiske fenomen som ordstilling, subjekt- og objektfunksjonar, infinitivkonstruksjonar, relativsetningar, hjelpeverb, kasusbruk osv. Alt dette får si naturlege forklaring dersom vi går ut frå at engelsk er eit nordgermansk språk med sterke innslag frå angelsaksisk (gammalengelsk), og ikkje omvendt.

Det Norske Videnskaps-Akademi
Drammensveien 78
N-0271 Oslo
Telefon: +47 22 84 15 00
E-post: post@dnva.no
 
Nettredaktør: Anne-Marie Astad
Design og teknisk løsning: Ravn Webveveriet AS
 
The Norwegian Academy of Science and Letters
Drammensveien 78
N-0271 Oslo, Norway
Telephone: + 47 22 84 15 00
E-mail: post@dnva.no
Web editor: Anne-Marie Astad
Design and technical solutions: Ravn Webveveriet AS