Hjem

Forsking og menneskerettar

7. - 8. desember arrangerer Menneskerettsutvalet ved Det Norske Videnskaps-Akademi tverrfagleg konferanse med tema Forsking og menneskerettar. Menneskerettskomiteen i Det Norske Videnskaps-Akademi arbeider for å fremje og forsvare menneskerettane til forskarar og andre som helsearbeidarar og ingeniørar verda over. Spesielt arbeider komiteen for å få sett fri dei som er i fengsla i strid med menneskerettane og for å motarbeide og forhindre mishandling, tortur og dødsstraff.

Foto: Gro HavelinHolocaust memorial i Berlin. Foto: Gro Havelin

Ein vesentleg del av komiteens arbeid er å protestere mot veldokumenterte menneskerettsovergrep ved å sende brev til personar med makt og påverknadskraft i dei aktuelle landa. I tillegg vil komiteen på denne konferansen fokusere på menneskerettar som ein integrert del av forsking og undervisning i ulike fag. På konferansen vil forskarar frå forskjellige fag og disiplinar diskutere menneskerettsspørsmål ut frå sitt bestemte fagperspektiv. Korleis oppfattar dei menneskerettsspørsmål innanfor si forsking?

Medvirkande er Jakob Lothe, Dagfinn Føllesdal, Dag Hessen, Knut Olav Åmås, Ole Petter Ottersen, Henrik Syse, Cora Alexa Døving, Mahmood Amiry-Moghaddam, Astri Andresen, Øyvind Østerud, Randi Rønning Balsvik, Hans Petter Graver, Jan Inge Sørbø, Reidun Førde, Jan-Olav Henriksen og Lena Larsen.

Påmelding og program

Det Norske Videnskaps-Akademi
Drammensveien 78
N-0271 Oslo
Telefon: +47 22 84 15 00
E-post: post@dnva.no
 
Nettredaktør: Anne-Marie Astad
Design og teknisk løsning: Ravn Webveveriet AS
 
The Norwegian Academy of Science and Letters
Drammensveien 78
N-0271 Oslo, Norway
Telephone: + 47 22 84 15 00
E-mail: post@dnva.no
Web editor: Anne-Marie Astad
Design and technical solutions: Ravn Webveveriet AS