Open Access

Avlyst: Vitskapleg publisering under kryssande forventningar

Åpent
Det Norske Videnskaps-Akademi

Fagpolitiske og etiske utfordringar i forbindelse med åpen publisering

Bilde
Open access symbol

Den resultatbaserte publiseringsdelen av finansieringa av universitet og høgskular byggjer på rangering av publiseringskanalar og einsidig premiering av publisering for fagfellesskapet. Politikken for Open Access vil undergrave det eksisterande publiseringshierarkiet og nasjonale evalueringar har gjort «impact» utanfor faget til kvalitetskriterium.

  • Er desse målsetjingane og måleregima foreinlege?
  • Korleis verkar publiseringstrykket på vitskapleg praksis?
  • Korleis skal forskarar navigere i dette landskapet og kva normer skal vi formidle til studentar og forskarrekruttar?

Dette er nokre av spørsmåla som vil bli tatt opp til debatt på dette møtet i regi av Det Norske Videnskaps-Akademis forskningsetiske utval.

 

Program:

17:00  Velkommen ved preses Hans Petter Graver
17:05  Innlegg ved professor Kenneth Ruud
17:30  Innlegg ved professor em. Göran Hermerén
17:55  Innlegg ved professor Inger Berg Ørstavik
18:20  Pause med enkel servering
18:50 Innlegg ved professor Narve Fulsaas
19:15 Spørsmål og diskusjon
 
Dørene åpner kl 16:30. Det blir enkel servering fram til møtestart.
Møtet er åpent for alle, men påmelding er nødvendig.
 

Dersom du har spørsmål ta kontakt med sekretær for DNVAs Forskningsetiske utval Gro Havelin på epost gro.havelin@dnva.no

 

Innleiare:

Göran Hermeren, professor emeritus ved Lunds Universitet og leder av ALLEAs Permanent Working Group on Science and Ethics

Inger Ørstavik, professor i privatrett ved Universitetet i Oslo

Narve Fulsås, professor i historie ved Universitetet i Tromsø og medlem av Det Norske Videnskaps-Akademis Forskningsetiske utval

Kenneth Ruud, prorektor for forskning og utvikling ved Universitetet i Tromsø - Norges Arktiske universitet og visepreses i Det Norske Videnskaps-Akademi 

 

Bilde
Bilder av Hermeren, Ørstavik, Fulsås og Ruud.
Innleiare Göran Hermeren (Foto: Lund Universitet), Inger Ørstavik (Foto: UiO), Narve Fulsås (Foto: UiT) og Kenneth Ruud (Foto: DNVA)