Open Access

Vitskapleg publisering under kryssande forventningar

Åpent
Det Norske Videnskaps-Akademi

Fagpolitiske og etiske utfordringer i forbindelse med åpen publisering

Bilde
Open access symbol

Den resultatbaserte publiseringsdelen av finansieringa av universitet og høgskular byggjer på rangering av publiseringskanalar og einsidig premiering av publisering for fagfellesskapet. Politikken for Open Access vil undergrave det eksisterande publiseringshierarkiet og nasjonale evalueringar har gjort «impact» utanfor faget til kvalitetskriterium.

  • Er desse målsetjingane og måleregima foreinlege?
  • Korleis verkar publiseringstrykket på vitskapleg praksis?
  • Korleis skal forskarar navigere i dette landskapet og kva normer skal vi formidle til studentar og forskarrekruttar?

Dette er nokre av spørsmåla som vil bli tatt opp til debatt på dette møtet i regi av Det Norske Videnskaps-Akademis forskningsetiske utval.

Innleiare:

Gøran Hermeren, professor i medisinsk etikk ved Lunds Universitet, Sverige.

Inger Ørstavik, professor i privatrett ved Universitetet i Oslo

Narve Fulsås, professor i historie ved Universitetet i Tromsø og medlem av forskningsetisk utval

Kenneth Ruud, professor i kjemi og prorektor for forskning og utvikling ved Universitetet i Agder.