Nansen minneforelesning 2021

Forsking og menneskerettar

For inviterte
Det Norske Videnskaps-Akademi

Leiar i Akademiets menneskerettskomite Jakob Lothe held Nansen minneforelesning 

Bilde
Portrett av professor Jakob Lothe
Jakob Lothe. Foto: Øyvind Toft

Om foredraget

Foredraget vil starte med ein diskusjon av Fridtjof Nansens Eskimoliv (1891) og Gjennem Armenia (1927). Lothe vil vise korleis Nansens innsikt i menneskerettsspørsmål i desse bøkene er relatert til, og inspirerer, arbeidet til menneskerettskomiteen i Det Norske Videnskaps-Akademi. Til slutt i foredraget vil han relatere Nansens forståing av menneskerettar til boka han no skriv, Memory and Narrative Ethics: Holocaust Testimony, Fiction, and Film. 

Biografi

Jakob Lothe er professor emeritus i engelsk litteratur ved Universitetet i Oslo. Han har skrive og/eller redigert over 30 fagbøker på engelsk og norsk, inkludert Conrad's Narrative Method og Narrative in Fiction and Film (begge på Oxford University Press). Sist utgitte bøker er Research and Human Rights (red. 2020) og Nordic Travels (medred. 2021). Han blei innvald i Det Norske Videnskaps-Akademi i 1999 og i American Philosophical Society i 2018. Han har vore leiar av menneskerettskomiteen i DNVA sidan 2013.