VISTA-utlysing

50 millionar til to nye forskingssenter

Kort om VISTA

VISTA-programmet vart oppretta i 1985 som eit samarbeid mellom Statoil (no Equinor) og Det Norske Videnskaps-Akademi.  

Den overordna visjonen var å stimulere til grunnforsking relatert til utnytting og forvalting av norske petroleumsressursar.  

I dei første 35 åra var til ei kvar tid om lag 25 stipendiatar og postdoktorar samt ei professorstilling finansiert gjennom programmet. Til saman fekk meir enn 300 studentar finansiert ein grad som resultat av samarbeidet. 

I 2019 la VISTA om til satsing på senter for grunnforsking. 

Førre utlysingsrunde frå VISTA-programmet var i 2020. Då fekk to senter finansiering: 

Centre for modeling of Coupled Subsurface Dynamics (CSD) ved Universitetet i Bergen.

Centre for Autonomous Robotic Operations Subsea (CAROS) ved NTNU i Trondheim.

Les meir på nettsidene til VISTA-programmet

VISTA lyser ut midlar til forsking på problemstillingar knytt til energiomstillinga. For første gong vender programmet seg også mot samfunnsvitskapen.

Det Norske Videnskaps-Akademi (DNVA) og Equinor er i ferd med å inngå ein ny samarbeidsavtale som sikrar VISTA-programmet 15 millionar årleg i fem år frå og med 2024. Av desse midlane blir det no lyst ut 50 millionar til finansiering av to nye senter. Søknadsfristen er 15. mars. 

Hovudtemaet i utlysinga er forsking knytt til energiomstilling. Nytt i denne runden er at VISTA for første gong sidan grunnforskingsprogrammet blei oppretta i 1985, også ønskjer svar på samfunnsvitskapelege spørsmål. 

Kunnskapsgrunnlag for demokratiske prosessar 

Professor Kenneth Ruud er styreleiar i VISTA. Han forklarer den nye satsinga på samfunnsvitskapleg forsking med behovet for kunnskap om kva som gir gode forankringsprosessar i offentlegheita. 

Bilde
Kenneth Ruud er styreleiar i VISTA.
Kenneth Ruud er styreleiar i VISTA. Foto: Unni Irmelin Kvam

– For å lukkast med det grøne skiftet må vi ta i bruk nye, fornybare energikjelder. Dette vil ha lokale konsekvensar, noko som ofte fører til motstand i nærmiljøet. Som eit demokratisk samfunn må vi ha gode, kunnskapsbaserte diskusjonar om konfliktar mellom vekst, velferd, mangel på energi og lokale og globale konsekvensar av energiomstillinga. Vi treng dermed meir kunnskap om korleis vi kan leggje til rette for ei slik meiningsutveksling, slik at vi kan ta gode avgjerder. Vi håper dette er eit av spørsmåla eit samfunnsfagleg senter kan belyse, seier Ruud.  

Den delen av utlysinga som er retta mot samfunnsvitskapeleg forsking, etterlyser tverrfaglege forskingsopplegg med perspektiv frå statsvitskap, sosialøkonomi og andre samfunnsvitskapelege disiplinar. Forslag til fordjuping er:  

  • Haldningar blant borgarane til nye energikjelder og korleis ny energipolitikk blir implementert  
  • Borgarinvolvering i politiske avgjerder og implementeringsprosessar 
  • Modellar for eller forståing av konfliktar i skjeringspunktet mellom vekst, velferd og energimangel 
  • Nyutvikling innan økonomisk teori med syn for vekst og velferd i ei berekraftsramme 

Viktig satsing på grunnforsking  

Den andre delen av utlysinga er retta mot tekniske løysingar for energiomstilling. Spesielt relevante forskingsområde er:  

  • Kunstig intelligens i energiomstillinga 
  • Grønt drivstoff, hydrogen og e-drivstoff 
  • Fjerning av karbondioksid (CDR) 
  • Holistisk perspektiv på rolla til norske havområde i energiomstillinga  

 

Bilde
Lie Øvreås, preses i Det Norske Videnskaps-Akademi
Preses Lise Øvreås. Foto: Thomas Barstad Eckhoff

Preses i DNVA Lise Øvreås legg vekt på at samarbeidet mellom Equinor og Det Norske Videnskaps-Akademi er ei viktig satsing på grunnforsking.  

– Gjennom 38 år har Equinor i samarbeid med akademiet støtta norsk grunnforsking på område som har betydd mykje for Noreg som nasjon, og bidratt til utdanninga av ei lang rekkje PhD-kandidatar som både akademia og næringslivet har hatt stor nytte av. Verda i dag er annleis enn for 38 år sidan. Noreg og verda står overfor store utfordringar, som behovet for energiomstilling. Nye energikjelder vil spele ei stadig viktigare rolle, og vi treng utvikling av ny teknologi. Gjennom etableringa av nye VISTA-senter vil VISTA-programmet halde fram med å spele ei viktig rolle i utviklinga av norsk grunnforsking og sørgje for at norsk teknologi, forsking og kompetanse kan danne grunnlaget for ei berekraftig framtid med fokus på lavkarbonløysningar i energisektoren, seier Øvreås. 

Les fullstendig utlysingstekst her

Bilde
VISTA