Høydepunktsrapporten

Akademiets aktivitet i 2023

Høgdepunkt i Akademiet i 2023

Rapporten Høydepunkter i Akademiet 2023 (pdf). 

Om Akademiet

Akademiet vart stifta i 1857 og verksemda har tre grunnpillarar: 

Medlemsorganisasjonen, forskingsprisane og vitskapsrådgjeving

Det Norske Videnskaps-Akademi er ein frittstående og landsdekkande medlemsorganisasjon med mål om å fremje vitskap nasjonalt og internasjonalt.

I januar 2023 hadde Akademiet 946 ordinære medlemmar fordelt på Den matematisk-naturvitskaplege klassen og Klassen for humaniora og samfunnsvitskap. I løpet av året vart 17 nye medlemmar ønskt velkomen, fire av dei er utanlandske.  

Akademiet arrangerer faglige møte og symposium, og representerer norsk vitskap overfor utanlandske akademi og internasjonale organisasjonar.

Les mer om komande møte i Akademiet.

Akademiet har ansvar for utdeling av fleire prisar for forskning av høgste kvalitet, som Kavli-prisen og Abelprisen.

VITSKAP PÅ YOUTUBE

Akademiet formidlar vitskap gjennom eigen kanal på YouTube.  

Blikket var retta mot framtida gjennom mykje av Akademiets møteverksemd i 2023. To sentrale tema var framtida for demokratiet og gode vegar mot ei grøn framtid. Men også historia vart løfta fram då Akademiets hus og eigedom på tampen av året vart freda av Riksantikvaren.  

Møteserie om demokrati 

I strategien til Akademiet er «demokrati» utpeika som eit viktig tema for perioden 2021–25. Difor har ei viktig satsing for Akademiet i 2023 vore møteserien Demokratiets tilstand 2023, der forskarar og politikarar har blitt invitert til å belyse og diskutere ei rekkje aktuelle problemstillingar. Forelesingar frå møteserien er også publisert i antologien Hvor går demokratiet (red. Hans Petter Graver, Gunn Elisabeth Birkelund og Gro Havelin, 2023). Les meir om satsinga i høgdepunktsrapporten for 2023

Tema for møta var:  

Bilde
Ole Torp i samtale med Øyvind Østerud foran publikum.
Øyvind Østerud i samtale med Ole Torp i Kavlisalen ved lansering av antologien Hvor går demokratiet, 1. mars 2023. Foto: Charlotte Førde Skomsøy / Stang Media
  • Ukraina-krigen og ringverknader for demokratiet 
  • angrep på demokratiske institusjonar i demokratiske land 
  • akademisk ytringsfridom 
  • problem knytt til lokaldemokrati 
  • aukande ulikskap som trugsel mot demokratiet 

Vitskapsrådgjeving, miljø og etikk 

Akademiets utval for vitskapsrådgjeving for politikkutforming arrangerte møte om nytenking om genmodifisering og om kva som er gode vegar mot ei grøn framtid. 

Akademiets utval for klima, miljø og ressursbruk arrangerte møte om synteserapporten frå FNs klimapanel.  

Akademiets forskingsetiske utval arrangerte møte om kva rettar dei døde har knytt til forsking og ettermæle.  

Alle møta er filma og tilgjengelege på Akademiets YouTube-kanal.  

Prisar og forelesingar 

Abelprisen 2023 vart tildelt Luis A. Caffarelli (University of Austin, Texas) for “hans banebrytende bidrag til regularitetsteori for ikke-lineære partielle differensialligninger inkludert fri randverdiproblemer og Monge-Ampère-ligningen”. H.M. Kong Harald stod for tildelinga av Abelprisen under ein seremoni i Universitetets Aula i Oslo. 

Bilde
 Luis Caffarelli mottar Abelprisen av H.M. Kong Harald i Universitetets Aula. Foto: Alf Simensen - NTB/Abelprisen
Luis Caffarelli får Abelprisen av H.M. Kong Harald i Universitetets Aula. Foto: Alf Simensen - NTB/Abelprisen

Unge matematikk-studentar vart også invitert til å feire Abelveka. Unge talent frå matematikk-konkurransen UngeAbel, studentar frå MAT1100U ved Universitetet i Oslo og frå Tag der Mathematik i Tyskland fekk møte sine matematiske idol og lærte om kunstig intelligens på bedriftsbesøk hos Simula.

Prisvinnar Caffarelli foreleste på Abelforelsinga saman med professor Sylvia Serfaty, professor Alessio Figalli og professor Luis Silvestre. 

Nansen-forelsinga 2023 vart halden av professor Marit Reigstad, som leiar forskingsprosjektet Arven etter Nansen (UiT).  

Birkelandforelesinga 2023 vart halden av Dr. Jonathan P. Gardner frå NASA, som har arbeida med James Webb-teleskopet sidan 2002. Ved same høve vart Yara Birkelandsprisen tildelt Dr. Robert B.N.H. Wissing (UiO) for hans arbeid med magnetiske felt i galaksar.  

Bilde
Bård Harstad foreleser
HUMSAM-vinner Bård Harstad held forelsing. Foto: Thomas B. Eckhoff.

VISTA-dagen fekk i 2023 besøk av den tyrkiske økonomen Dr. Fatih Birol som er administrerande direktør for Det internasjonale energibyrået (IEA).  

I 2023 delte Akademiet ut HUMSAM-prisen til professor i samfunnsøkonomi Bård Harstad (UiO). Han er kjent for å vise korleis økonomisk teori kan brukast i miljøpolitikken, og i forelesinga han heldt for Akademiet snakka han om korleis ein kan utforme god miljøpolitikk som også er politisk gjennomførbar.  

Akademiets hus freda 

På tampen av 2023 vart Akademiets hus og eigedom i Drammensveien 78 freda av Riksantikvaren. Arkitekten Herman Major Backer har teikna både Akademiets hus og ei rekkje av dei andre husa i Drammensveien. Arkitekturen, interiøret og kunsten i huset er er karakteristisk for stilideala andre halvdel av 1800-talet, og eigedomen dokumenterer byutviklinga og samfunnsforhold i hovudstaden i perioden. Som bustad for forretningsmann og statsråd Hans Rasmus Astrup (1831-1898) rommar huset også politisk historie og kulturhistorie. Han gjorde huset til møteplass for politikarar frå ulike fløyar og vitskapsfolk, og Akademiet har sidan overtakinga av huset i 1910 forvalta denne arven gjennom åpne møte med vitskap i sentrum.